Kyrkjebø

Denne moderne hytta ligg vakkert til i Tryglakleiv, med ein fantastisk utsikt frå vest til aust. Tomta var i utgangspunktet svært bratt, og det tvinga fram ein smal bygningskropp i prosjekteringa. Som bileta synar er det nytta tidsriktig materialoverflater der ein kan nemne:

- Ståande dobbelfalsa NORD-kledning, med frest spor

- Listefri løysing rundt vindauger og dører utvendig

- Kvistfri panel på overflater innvendig

- Microsement på hovudbadets vegger og golv

- Contura 330G vedomnen står som eit smykke i samlingsrommet

Previous
Previous

Garnes

Next
Next

Eide