Lyngøy

Ei svært gjennomført hytte midt i Furedalen! Hytta ligg i eit område som set begrensingar i forhald til størrelsen på bygningskroppen, og framstår difor langt større enn det den faktisk er. Her er alle kvadratmeter utnytta til det fulle!

 

Hytta har veldig tidsriktige materialar ute og inne, som gjer at ho glir fint inn i terrenget og passar godt inn i fjellheimen. Utvendig kan det nemnes NORD-kledning og andre detaljar frå Bergene Holm, svart shingel på tak og svarte vindauge frå Gilje. Legg og merke til dei to hjørnevindauga! Inne har kunde valt å gå for overflater som passar ei fjellhytte perfekt. Same panel på vegger og himlingar, levert av Slaatto Sag og Høvleri. Golv er levert frå Berry Alloc. Listverket er vanleg ubehandla glattkant, som er beisa i same farge som panel. Peisen er levert frå Nordpeis, og går heilt opp til taket i stova. Dei thermo-behandla benkeborda i badstue gir eit flott inntrykk! Pryda med egenlaget stjernehimmel i taket. Fliser frå Flisekompaniet.

Previous
Previous

Eide

Next
Next

Holmboe