I Furedalen ligger det eit alpinalegg med to heisar og eit barnetrekk. Dei har dags- og kveldskøyring. Det er varmestove med kafé, skiutleige og skiskule. Stor parkeringsplass, om ein skal på alpin, langrenn eller gå tur.

Kvamskogen har 65 km preparerte skiløyper i sesongen. Den mest populære løypa går fra Furedalen og vidare til Mødal, og er maskinpreparert til foten av Såta.

Kart er tilgjengeleg hos Furedalen Alpin, elles finn du det på alle dei store parkeringsplassane på Kvamskogen i blå postkasser.

 

 

Previous
Previous

Skeiskvandalen

Next
Next

Steinskvandalen